onsdag 12. februar 2014

GULBEINMÅSE m.m. på Sandsøya/Voksa 01-12.02.14

I løpet av månaden så langt så har det nesten dagleg blitt turar i felten. Der har det i hovudsak selvfølgelig blitt satsa på måsar. Vi er no nemleg inne i den beste perioda der det er mest fiskeri, og dermed er dette den tida på året det også er flest måsar å sjå. Tusen på tusen av fuglar er det no å sjå langs Sunnmørskysten, noko som direkte oversatt vil seie at muligheitene virkelig er der med tanke på å finne godbiten. Heilt sør i landet har det den siste tida blitt sett fleire gulbein- og kaspimåsar. Dette har berre vist at muligheitene er der. Her på nordvestlandet, heilt sør i M&R har det derimot vore heller labert med tanke på dei virkelige gobitane. Eg hadde riktig nok Sandsøya og Voksa sin tredje dvergmåse (adult) innom på hamna den 3.februar, men ellers så har det gått i grønlandsmåsar og ein polarmåse. Men det har då igjen vore snakk om stasjonære fuglar, og fint liten nytt.

I løpet av den siste veka har det derimot tatt seg kraftig opp, med fleire spennande avlesingar på fargemerkte gråmåsar, både frå inn og utland. (desse vil eg kome tilbake til i eit seinare blogginnlegg). Men fortsatt så har den virkelige prikken over i'en magla. Eller det vil seie heilt til i dag. I dag vart nemleg M&R sin tredje GULBEINMÅSE sett rastande på Sandshamna. Både i 2010 og 2011 vart det sett ein adult gulbeinmåse på lokaliteten, og eg har lenge ønska meg samme art, berre i ei annan aldersklasse. I dag fikk eg begge ønska oppfylt. For gulbeinmåsen som vart sett var nemleg ein 2K/1.vinter fugl. Denne nasjonale sjeldenheita, med ikkje alt for mange titals funn av totalt i Norge, vart først sett sittande med brystet rett i mot. Og gjett om det var verdt å sitte dei 15 minutta det tok før fuglen tok til vingene. Dess meir eg fikk sett av fuglen dess fleire karakterar var det som gikk i boks med tanke på sikker artsbestemming. Det er nemleg svært mange karakterar som skal stemme for å kunne claime gulbeimåse. Ein må jo tross alt kunne utelukke både gråmåse og sildemåse. Men når alt stemmer ned til den minste detalj er saka relativt grei...

Her er nokre bilder av dagens mest eksklusive.
Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
Ut i frå størrlesen på fuglen så må det her vere snakk om ei hoe. Legg spesielt 
merke til hovud og nebbform, samt jizz, alt dette er innertiar for "gulbein".
Vidare så kan ein legge merke til at den har mytt fleire små og mellomste
armdekkarar til 2.generasojns fjør. Akkurat slik det skal vere på denne
tida av året hos 2K gulbeinmåse.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
Her ser ein den lyse undersida som står i kontrast mot dei relativt mørke
undre arm- og handdekkarane. Legg også merke til det smale og fine stjert-
båndet, samt dei passelig fine og mørke indre hsf. med mørkt utfan og
lyst innfan.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
I flukt virka fuglen veldig smekker, med lange og smale vinger. Her er den
avbilda i lag med gråmåsar.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014
Her står den atletiske gulbeinmåsen i blant tungbuka gråmåsar, og
ein 2K grønlandsmåse (rett tv. bak gulbeinmåsen)
 
For dei som har lyst til å studere gulbeinmåsar nærmare så er det eit veldig bra bildemateriale på denne sida: http://gull-research.org/ylg/1cyjuly.html 

 
Årets sjuande...
Så langt i år så har det blitt sett seks forskjellige 2K grønlandsmåsar på hamna. Av desse så har fem av dei vore stasjonære inntil nylig. I dag dukka årets sjuande grønlandsmåse opp, og som alle dei seks foregåande så var det denne gongen også snakk om ein 2K-fugl.
 
Her er eit par bilder av dagens grønlans.
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 12.februar 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar