onsdag 18. august 2010

Sandsøya/Voksa 14-18.08.10

Dei siste dagane har det vore lite og sjå. Men heilt fritt er det no ikkje! Det mest uvanlege desse dagane må faktisk vere ein gråflugesnappar som vart sett på Sandsøya. Har faktisk berre sett den en gong før her ute, og det er vel minst fire år sidan. Ellers så er det ikkje heilt fritt for vadefuglar på trekk. Med artar som myrsnipe, sandlo, gluttsnipe, lappspove osv. Uten om vadareane har ein av grashoppesongarane hatt tilhold på Voksa heilt til 17.august. Men i natt satt den ikkje å song, så den har kanskje flytta på seg?! Ein nattsongar som fortsatt held stand er åkerriksa på Sandsøya. Denne har sunge kvar natt sidan 13.juni.


Her er nokre bilder frå dei siste dagane!
Sivspurv

Sivspurv
Denn grashoppesongaren vart ringmerka 10.august. Dette var
då den 11. som fikk ring i år!

Grashoppesongar


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar