onsdag 11. august 2010

Sandsøya/Voksa 10.08.10

Denne natta var planen å ringmerke åkerriksa som fortsatt set og syng på Sandsøya. Men det gikk ikkje heilt som planen. Etter å ha prøvd i ca. 5 timar var det berre og gi opp. Det vart då ein knusande 3-0 seier til åkerriksa. Dette vart nemleg 3. gongen vi forsøkte å få fanga og ringmerkt den! Men heldigvis satt grashoppesongaren som vart oppdaga syngande natta den 6. august fortsatt og song. Dermed vart den ringmerka. Dette vart då den 11. ringmerka grashoppesongaren i år. Fordelt på 10 hannar og en årsunge! Så neste år vert det forhåpentligvis gjennfunn av ein av desse...... Ellers så satt åkerriksa fortsatt og song på Voksa.

Her er eit par bilder av grashoppesongaren! (Same ind. på begge bilda)

Dette bildet blei tatt i natt.

Her er eit bilde frå då den vart oppdaga den 6.august. Legg merke til at
den har eit veldig einsfarga nebb for å vere en voksen fugl! Men slitt og
ikkje uniform brunleg fjørdrakt tilseier at dette er ein voken fugl!






 












I dag var også sta og sjekka korleis det har gått med vandrefalken i år. Og fann då ut at den har fått fram minst ein unge!

 Her er nokre bilder av den godt flygedyktige ungen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar