fredag 27. mai 2011

Oversikt over grashoppesongarar etter 26.05.11

For eit par dagar sidan fikk vi fonga (Kjell Mork Soot og eg) og ringmerka/fargemerka to av dei tre nye grashoppesongararne eg oppdaga syngande 23.mai. Det vil då seie at 16 av dei 22 hannfuglane som er og har våre på øyane har fått på seg fargeringar. Sjå bilder av songarane under. 

Grashoppesongar på Leina på Sandsøya
Grashoppesongar M som vart oppdaga på Leina på Sandsøya 23.mai.
Her har same fuglen som over fått mertall- og fargering.
Den fikk fargering XCA.

Grashoppesongar på Voksa.
Grashoppesongar M vart oppdaga på ein ny plass på Voksa 23.mai.
Denne ligg heilt i ytterkant på skalaen for kor kraftig teikna/streka ein
grashoppesongar kan bli.
Dette er same songaren som på bildet over. Her med metall- og fargering.
Denne fikk fargering XCC.


Oversiktskart
Her er nokre oppdaterte kart som viser kor grashoppesongarane er fordelt på Sandsøya og Voksa.
Husk å klikk på karta for større format!

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar