onsdag 4. mai 2011

Tre nye grashoppesongarar, Sandsøya/Voksa 04.05.11

I natt som var sjekka eg grashoppesongarane. For i dag har Kjell Mork Soot og eg planar om å fargemerke dei, og då er det ein fordel å vite akkurat kor dei er. Når eg var på plass i Våge på Sandsøya satt det ein ny songar å song. Dette vart den 8.songaren denne våren! So dermed var det ut so snart det vart lyst for å få fotodokumentert songaren. Og når eg kom opp i Våge ca. 06.30 var det ikkje mangel på syngande grashoppesongarar. Det vil seie 4 syngande hannar på eit lite området. 2 av desse er fuglar som eg hadde dokumentert frå før. Og i tillegg til den eg skulle ut å dokumentere satt det ein fjerde songar å song. Denne er truleg den same fuglen som holdt til på Støyle (Sandsøya) frå 23-29.april. For etter å ha studert songaren meget nøye greier eg ikkje å finne ei einaste ulikheit.

Her er to oppdaterte kart som viser grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa i 2011.

Sandsøya                                                                                                  Voksa











Her er den nye songaren, samt den som har forflytta seg frå Støyle til Våge.
Den nye grashoppesongaren M i Våge/Sandsøya
Denne grashoppesongaren er truleg den same som var på
Støyle 23-29.april. No har den forflytta seg til Våge


Nye songarar på Voksa..
Men det var ikkje berre på Sandsøya det var nye songarar å finne. Eg fann nemelg to songarar på ein ny plass på Voksa. Ein hann og ei truleg hoe. Dermed er totalen for øyane no oppe i 10 songarar i år.
Grashoppesongar M, Voksa
Grashoppesongar F, Voksa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar