mandag 23. mai 2011

Nye grashoppesongarar x3, samt sivsongar merka i Portugal, Sandsøya/Voksa 23.05.11

Den siste veka har det vore eit forferdeleg dritveir. Og ikkje nok med det so har eg vore opptatt med feltarbeid på Runde og havørnprosjektet! Dermed har det vore lite tid til å farte Sandsøya og Voksa rundt på leiting etter grashoppesongarar og anna snacks....

Men i natt som var var det endeleg eit brukbart lytteveir. Og lytterunda resulterete i 3 nye grashoppesongarhannar. 1 på Voksa og 2 på Sandsøya. Utan om dei 3 nye satt 3 av dei stasjonære songarane i Våge på Sandsøya og song. Dermed song ikkje mindre enn 6 grashoppesongarar...

Nye grashoppesongarar
Etter å ha høyrd 3 grashoppesongarar syngande på nye plassar i natt vart det ein tur ut for å få fotodokumentert dei i dag. Og som eg trudde so var alle nye fuglar. Dermed er totalen no oppe i 22 hannar og 5 hoer, noko som vil seie ikkje mindre enn 27 ind. totalt.

Her er nokre bilder av dei 2 songarane eg fikk dokumentert. Den tredje fikk eg desverre ikkje bilder av, då den var svært lite samarbeidsvillig. Men eg fikk sett den gjennom kikkerten og den hadde verken metallring eller fargering. Dermed ein ny fugl!

Her er eit par bilder av den nye hannen på Voksa.
Grashoppesongar M, Voksa
Grashoppesongar M, Voksa

Og ikkje minst eit par bilder av ein av dei nye songarane på Sandsøya.
Grashoppesongar M , Leina/Sandsøya
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya

Portugisikmerka sivsongar...
I dag når eg sjekka ut den nye grashoppesongaren i Våge på Sandsøya såg eg ein sivsongar med metallring. So dermed måtte eg forsøke å få lest den av. Og som sagt så gjort! Etter ei stund hadde eg nok bilder til å lese det som stod på ringen. På ringen stod det CEMPA SEA, LISBOA, A276536. Dette var då ein portugisisk ring. Og etter å ha snakka med Kjell Mork Soot viste det seg at det før 2004 ikkje hadde vore eit einaste gjenfunn av portugisiskmerka sivsongarar i Norge. Mulignes har det vore gjenfunn etter dette....

Ringen som satt på songaren.
Her er den portugisiskmerka sivsongaren. Denne satt ikkje lenger enn ca.
100 meter i frå der vi fanga den Belgiskmerka sivsongaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar