søndag 14. august 2011

Lerkefalk og havsvalefangst m.m. 6-14.08.11

Dei siste par vekene har det ikkje vorte alt for mange turar i felten. Men som vanleg so går det no ikkje å kutte fuglane heilt ut... Eg har blandt anna fått meg to nye artar på Sandsøy og Voksa lista mi. Med både havsvale og lerkefalk! Og so sete fortsatt ein grashoppesongar å syng.

Lerkefalk og havsvale
For 5 dagar sidan, altso den 9.august kom eg over ein lerkefalk som jakta insekt i Storevika på Sandsøya. Dette var då den 203 arten på Sandsøya og Voksa for min del. Det var også førte gongen det har vorte sett lerkefalk på øyane. Min art nr.202 "skaffa" eg meg tre dagar før. Då eg fann ut at eg måtte prøve å få havsvale på lista mi for øyane. Dermed som sagt so gjort. Eg kjøyrde ut i Hellandsvågane på Sandsøya. Starta opp lyden, og etter 20-25 minutt so var ei havsvale på plass. Dermed var det berre å pakke ned lydutstyret å la den få stikke til havs igjen...

Havsvalefangst på Runde
I natt som var vart turen lagt til Runde for å fange havsvaler. Det resulterte i 30 havsvaler i nettet, og
1 stormsvale


Her er nokre bilder av "fangsten".

Alv Ottar Folkestad studerer ei av dei 30 havsvalene som var fanga!

Havsvale 2K+.
Desse nydelige fuglane kjem berre til land om natta. Dermed er det då det
er mulig å lokke dei til seg med lyd.
Vingeoverside på ei 2K+ havsvale.
Stormsvale 2K+.
Denne er enda meir eksklusiv enn havsvala. I Norge har den berre vorte
påvist hekkade på Erkna i Møre og Romsdal, samt på Røst i Lofoten.
Denne er ein grei "bifangst" under havsvalefangst!
Stormsvale 2K+.
Legg merke til det lyse feltet på armdekkarane på oversida av vinga.
Dette lyse feltet finn du ikkje på ei havsvale.


Grashoppesongar
Årets siste syngande grashoppesongarhann satt fortsatt å song i Voren på Sandsøya i natt. Men no nærmar det seg stygt slutten på grashoppesongarsesongen for denne gong. Men kanskje er det like greit... For ein kan no ikkje klage når det har vore syngande grashoppesongarar sidan 23.april!!

Her er eit lydklipp av den sygande grashoppesongaren i Voren. Lydklippet er frå i natt. 14.august.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar