torsdag 16. februar 2012

Sandshamna 16.02.12

I dag vart det nok ein gong "jobba" med måsane på Sandshamna. For ein må bruke denne tida då det virkeleg er mykje måsar i sving for å få sett over flest mogleg, samt å opparbeide seg eit bra bildearkiv på artane. I dag var det som i går ikkje det heilt store antallet med fuglar på hamna, men sjølvsagt er det alltid noko å jobbe med.... Det vart satsa ein del på foto, då lysforholda var relativt bra ei stund. I tillegg til å ta bilder vart det sjølvsagt sett godt gjennom måsane. Det resulterte i at eg endeleg lukkast med å få avlest min første ringmerka gråmåse...Denne kan du lese og sjå meir om nederst i innlegget.

Avlesing av ringmerka gråmåse
I dag lukkast eg å lese av ein ringmerka 5K+ (adult) gråmåse. Ringnummeret er oversendt til Stavanger museum, og det tek forhåpentlegvis ikkje alt for lenge før eg får svar med heile historia til fugen.

Her er eit bilde av måsen.
Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna
Merka med metallring. (nr. 4158872


Dagens kvitmåsar på Sandshamna...
I dag vart det sett minst 10-11 grønlandsmåsar derav 1-2 2K, 5+ 3K, 2+ 4K, 1 4K+. I tillegg vart også den stasjonære 4K kumlienien som har vore på plass sidan den 3.februar sett! Under kan du sjå eit lite utvalg av bilder frå i dag.

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 4K (3.vinter), Sandshamna
Grønlandsmåse (mulig kumlieni) 4K+ (3.vinter eller eldre), Sandshamna
Eit ind. med ei noko spesiell hovudform. Dette er den samme fuglen som
den moglege 5K kumlienien frå i går

Grønlandsmåse (mulig kumlieni) 4K+ (3.vinter) eller eldre, Sandshamna

Grønlandsmåse (mulig kumlieni) 4K+ (3.vinter) eller eldre, Sandshamna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar