søndag 12. februar 2012

Svar på engelskmerka svartbak m.m. 12.02.12

I dag fikk eg endeleg svar på den engelskmerka svartbaken som eg såg på Sandshamna den 7.februar.....

Svartbak ad., Sandshamna 7.februar 2012
Med fargering nr. DF3T.

Svartbaken vart merka som ein 5K+ (adult) fugl på Pitsea søppelfylling like ved Essex eit stykke nordaust for London den 25.september i 2010. Det vil seie at måsen i dag minst er inne i sitt 7.kalendarår(7K+). Dette var første gjenfunet av fuglen etter at den blei merka!

Her er ein link med kart, og informasjon om måsen på sida til North Thames Gull Group.
http://www.ntgg.org.uk/cgi-bin/map.cgi?p=recmap&t=r&r=MA26766


Sandshamna og Voksevegen ....
I dag vart det ein tur for å prøve å sjå gjennom alle måsane på hamna og ved Voksevegen. I og med at det faktisk var så og seie vindstille, og ikkje nedbør var forholda meget bra for måseskåding. Og måsar var det mange av... Det resulterte i 12+ grønlandsmåsar på hamna. Derav er fortsatt den 4K kumlienien på plass. Ved Voksevegen vart det sett 2 grønlandsmåsar og ein ubestemt 4K polar-/grønlandsmåse. Den ubestemte kvitmåsen var sett på langt hold. Den virka tung og breidarma så truleg var det snakk om ein polarmåse, men det kan også ha vore ein stor og tung grønlandsmåsehann. Fordelinga på alderen på grønlandsmåsane var: 2 2K, 7+ 3K, 3 4K, 1 4K+, 1 5K+.

Her er eit par bilder av dei 2 2K`ane som vart sett på Sandshamna i dag. Den eine av desse er eit nytt ind.


Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Nytt ind.

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Nytt ind.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar