onsdag 15. februar 2012

Engelskmerka gråmåsar...

Den 30.januar og den 7.februar såg eg eit par fargemerka gråmåsar frå England på Sandshamna. I dag fikk eg endeleg svar på måsane! Begge måsane høyrer som tidlegare nemnt til fargemerkingsprosjekta til FERA (UK Food and Environment Research Agency). Akkurat desse to måsane vart faktisk merka på dem eksakt samme dagen... Det var den 21.januar i 2004. Begge vart merka på Gerrards Cross søppeøfylling i Buckinghamshire rett vest for London. Dei vart merka for å følge med på korleis måsane forflytta seg i vest-London. Måsen som eg såg på Sandshamna den 30.januar merka med fargering 1660 vart fargemerka som ein 5K+ (adult) fugl. Det vil seie at den i dag er minst 13K+ (minst inne i sin 12.vinter). Måsen merka med fargering 0913 som eg såg den 7.februar vart merka som ein 2K (1.vinter) fugl. Det vil då seie at den i dag er 9K (8.vinter). For begge desse måsane var dette første gongen dei vart sett etter at dei blei merka i 2004!

Her er begge måsane avbilda.

1660
Gråmåse 13K+ (12.vinter eller eldre), Sandshamna 30.januar 2012

 0913

Gråmåse 9K (8.vinter), Sandshamna 7.februar 2012

Og til slutt eit oversiktskart.
Avstanden frå der den vart merka og "opp" til Sandshamna er på 1241 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar