Så kom eg til å tenke på dei 2 sangsvanene som har gått og beita på markane inne i Voren på Sandsøya i mange veker. Kanskje var det dei samme svanene...? Dagen etter var svanene fortsatt på plass, men på for langt hold til å sjå om ei av dei hadde ring. Så i går gikk dei på Storeviksanden like ved der dei har beita i nesten eit par månadar. På sanden var det ikkje vanskeleg å sjå føttene på dei. Og joda den eine hadde både metallring og fargering! Etter at den var avlest fann eg ut at det var ein fugl som var merka i England. Dermed sendte eg over avlesninga av svana, og i dag fikk eg svar. Informasjonen eg fikk om sangsvana kan du lese under!
Sangsvane 6K+, Storeviksanden på Sandsøya |
Den vart i perioden 30.november 2008 til den 26.mars 2009 sett på følgande datoar.
- 30.november 2008 (Ringmerkingsdato)
- 3.januar 2009
- 6.januar 2009
- 8.januar 2009
- 19.februar 2009
- 26.februar 2009
- 7.mars 2009
- 16.mars 2009
- 26.mars 2009
Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Lower Derwent valley og "opp" til Sandsøya er på 1008 km. |
Og heilt til slutt er her ein link til ei nettside du kan lese meir om dette prosjeket.
http://monitoring.wwt.org.uk/species/colourmarking/whooper_colourmarking.php
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar