No nærmar det seg snart årets første tur på Runde. På dei første turane er føremålet å lese av flest mogleg fargemerka lundar. Totalt i fjor vart 95 av dei 177 fargemerka lundane avlest i løpet av april og starten på mai. Så før ein berre håpe at lundefuglane er minst like samarbeidsvillige i år som dei var i fjor! Ja, det er allereie rapportert om bra med med fugl som er oppe og sverma, samt set seg inn i fjellsida. Lundane har no allerie vore på plass ved fuglefjellet i mange veker, og når det er under ein månad til dei skal legge egg så er det ikkje akkurat rart at aktiviteten tek seg opp.... Så får vi berre håpe og samtidig krysse fingrane for at i år kjem maten til rett tid og på rett stad slik at det blir ei vellykka hekking. For i løpet av dei 4 siste åra har det desverre vore 3 nullår, og fortsett dette vil talet på lundar gå nedover. Heldigvis så blir lundefuglane svært gamle (eldste registrete lunde vart funnen etter å ha blitt tatt av ein predator i ein alder av 40 år og 10 månadar) og nokre få dårlege produksjonsår har derfor ikkje nødveidigvis så alt for mykje og seie! Det er nemleg mykje viktigare for dei voksne lundane å ta vare på seg sjølv. Dei bryt heller av hekkinga enn å sette liv og helse i fare for å prøve å fostre opp ungen sin. For dei blir så gamle at dei helle kan prøve igjen neste år...
Her er nokre bilder frå fjorårets turar.
|
Ein av dei 177 fargemerka lundane på Runde.
Her representert ved lunde D4. |
|
Det går ofte hardt føre seg i fjellsidene når desse hissige skapningane
barkar i hop. Då kjem dei rullande ned sida med eit godt tak i kvarandre! |
|
Ein ting er sikkert, lundane er nokre fantastiske fuglar.... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar