I går vart turen lagt til Runde for årets første feltdag. Målet med turen var å få lest av flest mulig av dei fargemerka lundane som vi har merka dei siste åra. Denne avlesinga er ein del av seapop-prosjektet på Runde. Totalt er det ca. 200 lundar som har fått påsatt både metall- og fargering. Dei første vart merka i 2007, vidare i 2009, og dei siste vart merka i fjor. Eg har ikkje rukke å gå gjennom alle bilda frå i går for å sjå kor mange forskjellige merka lunder som var opp og sverma, for så å sete seg inn i fellsida. Men ein god del titals fuglar burde det nok vere. For aktiviteten på lundane var på topp. Dei satt inne store delar av tida frå eg ankom lundeura ca. kl. 16.00 til eg tok kvelden rett før det blei skikkeleg mørkt ca. kl. 20.45. Utanom sjøfuglane, så var der også ein god del havørner som benytta varmlufta i fellsidene. Ei av dei 2K havørnene som vart sett var også ringmerka. Og med den nye typen ringar så var det ikkje så alt for vanskeleg å få lest av ringkoda. Meir om ørna er det mulig å lese nederst i innlegget.
Her er nokre bilder som blei tatt av lundane i går.
|
Lunde, Runde 11.april 2013 |
|
Lunde, Runde 11.april 2013 |
|
Lunde, Runde 11.april 2013 |
|
Lunde, Runde 11.april 2013 |
|
Lunde, Runde 11.april 2013 |
|
Lunde, Runde 11.april 2013 |
Havørn frå Rogaland...
Eg fikk som sagt lest av ei ringmerka havørn i det eg satt og venta i lundeura i går. Ørna med ringkode N054 blei merka som ein reirunge (pullus) i Bjerkreim kommune i Rogaland den 10.juni i 2012. Plassen der ørna blei sett i går ligg ca. 420 km frå ringmerkingslokaliteten.
Her er eit bilde av ørna.
|
Havørn 2K, Runde 11.april 2013 |
Nok en har du fått en nydelig serie bilder!
SvarSlettTakk for inspirasjon fra fotograf i startgropa...
Kjempeflotte bilder! :) Lundefuglen er vakker!
SvarSlettTakk så mykje for positive kommentarar!;)
SvarSlettMvh Ingar