mandag 29. april 2013

Tur til Gurskøya 29.04.13

Dei siste dagane har det blitt ein del turar i felten. Fortsatt er dessverre temperaturen og veirforholda litt for dårlige til at det er den heilt store aktiviteten. Men som alltid, leitar ein godt nok så finn ein også eit kvart. I føregårs vart endeleg ei hoe sett i lag med svartstrupehannen som har vore stasjonær i Sandsvågen på Sandsøya sidan den 30.mars. Dermed ligg alt til rette for svartstrupehekking på Sandsøya i år. Noko som er på tide etter to år utan.

Gurskøy-tur...
I dag vart turen lagt til den ytre delen av Gurskøya. Målet var å prøve å finne igjen fleire av måsane som eg merka på Sandsøya den 19.april. Og utruleg nok så fann eg ein med ein gong, for den første gråmåsen som eg brukte kikkerten på hadde både metall og fargering. Den satt i par med ei hoe på Gjøneset, rett over fjorden frå Sandsøya. Avstanden frå merkestaden der den blei merka for 10 dagar sidan er på ca. 2,5 km.

Her er eit bilde av den ringmerka gråmåsehannen, med hoa til venstre.
Gråmåsar 5K+, Gjøneset 29.april 2013

Etter at den ringmerka gråmåsen var nøye dokumentert vart turen lagt vidare til Gjerdsvika. Der fikk eg auge på ein ringmerka sildemåse. Etter utallige bilder, og ein god del med tid blei ringen endelig avlest. Den voksne sildemåsen er merka ein stad i Storbritannia. Eg hadde faktisk akkurat denne fuglen innom på Sandshamna på Sandsøya den 2.juni i fjor, men då blei berre delar av ringnummeret avlest. Sildmåsehannen var etablert i par med ei hoe, så truelg hekkar den i kolonien i fjellsida like ved der den blei sett i dag. Det skal bli spennande å få ringmerkingsdata på fuglen etter kvart...

Her er eit bilde av den britiskmerka sildemåsen.
Sildemåse 4K+ M, Gjerdsvika 29.april 2013
(Metallring nr. FP37802)


Eg kom også over nokre fjøreplyttar i steinane på moloen der sildemåsen oppholdt seg. Under kan du sjå bilder av tre av fuglane.
Fjøreplytt 2K, Gjerdsvika 29.april 2013
Legg merke til armdekkarane og tertiærane. Desse har breie lyse bremmar,
vidare så er dei av ein svært dårlig kvalitet. Dette er nemleg juvenilfjører.
Samanliknar ein med fjørkvaliteten på dei fullt voksne fuglane under så
ser ein dette veldig, veldig tydelig.

Fjøreplytt 3K+, Gjerdsvika 29.april 2013

Fjøreplytt 3K+, Gjerdsvika 29.april 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar