fredag 21. februar 2014

KASPIMÅSE og GULBEIMÅSE m.m. 17-21.02.14

Her er ein fiskebåt på veg inn frå havet med eit "mulder" av måsar rundt seg.
I løpet av dei siste fire dagane så har det blitt ein del timar utandørs. Der har eg prøvd å få med meg det meste som bevegar seg på øyane på denne tida av året. Men sjølvsagt så har det gått med flest timar på å sjå gjennom måsane på Sandshamna. I starten på veka gjorde det fine veiret sitt til at det til slutt berre var nokre få titals måsar igjen på hamna. I dag derimot, var det igjen mykje fugl å sjå. For med dårligare ver med både vind og nedbør, kjem det også fleire måsar innomskjærs. Og med eit stort antall måsar var også alle muligheiter der. Sjølvsagt så håpar ein på å finne eit eller anna nytt, men det var det lite av i dag. I staden greidde eg noko som eg har håpt skulle skje, men strengt tatt ikkje trutt noko særleg på. Det vil seie å få sett KASPIMÅSE og GULBEIMÅSE på samme dag. Det er ikkje mange lokalitetane i landet som har både kaspi- og gulbeinmåse på lista si, og då i tillegg å få sett begge desse sjeldne artane på samme dag... Då kan ein i hvertfall ikkje klage!

Kaspimåsen var stasjonær på hamna i fem dagar. F.o.m. den 14. t.o.m. den 18.februar. Etter eit par dagar utan å ha blitt sett, så var den igjen på plass på hamna i dag. (21.feb.) Dermed har den no vore i området i akkurat ei veke. Når det gjeld gulbeinmåsen som først blei oppdaga den 12.feb., så var den på plass igjen i går (20.feb.). Det samme var den også i dag. Då har den holdt til i området i heile ni dagar. Forhåpentlegvis så held dei begge seg ei god stund til... Eg kunne i hvertfall tenkt meg å få enda betre bilder av særleg gulbeinmåsen.

Her er nokre bilder av både kaspi- og gulbeinmåsen frå dei siste dagane.
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna 17.februar 2014
Her med ein 2K gråmåse rett bak seg
 
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna 17.februar 2014
Her er kaspimåsen nærmast. Dei andre måsane er gråmåsar.
 
Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 20.februar 2014
Her med ein 2K gråmåse t.v.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 20.februar 2014


Grønlands...
Av andre artar som har vore innom på hamna i løpet av veka så langt, kan det nemnast at det den 17.februar vart sett ein adult grønlandsmåse. Dette vart då den sjuande grønlandsmåsen som har blitt observert på lokaliteten etter nyttår. I tillegg til den adulte så har minst eit par av dei stasjonære 2K-fuglane også blitt sett. I går var eg også ein tur til Vågsøya, heilt nord i Sogn og Fjordane for å telle sjøfugl. Denne sjøfugltellinga blir gjort årleg, og dette er det andre året på rad eg er med. Under tellinga vart det ikkje sett noko utanom det vanlige. Det var først på veg heim frå tellinga at eg kom over noko litt interessant. Og du gjetta rett, sjølvsagt var det snakk om ein måse. For på Raudeberg, nokre kilometer nord for Måløy satt det ei lita flokk med måsar. I den flokk var der også ein nydelig 2K grønlandsmåse. Under kan du sjå eit bilde av fuglen.

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Raudeberg, Vågsøy kommune 20.februar 2014



Gjess...
På Voksa held fortsatt sædgjessene (flesteparten ua. rossicus) stand. Desse har no vore på plass på øya i tre veker. På det meste var antallet på sædgås oppe i 33 ind. For fire dagar sidan (17.feb.) var det derimot gått ned til 28. No har det også komt inn ein ny art i flokka. Det vart nemleg sett ei kvitkinngås i lag med alle sædgjessene den 17.februar. Under kan du sjå eit bilde av kvitkinngåsa, samt eit par bilder av sædgås.


Kvitkinngås 3K+, Voksa 17.februar 2014

Sædgjess ua. rossicus, Voksa 12.februar 2014

Sædgjess ua. rossicus, Voksa 12.februar 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar