søndag 1. april 2012

Litt av kvart... 27-31.03.12

Dei siste dagane har blitt brukt til ein del fugleskoding. Då i hovudsak på Sandsøya og Voksa. Men eg var faktisk også ein avstikkar på langs av fylket den 30.mars, mærmare bestemt til ein stad i Aure kommune for å prøve å fått sett MR si første lappugle på nærmare 50 år! Det gikk vel så som så... Eg fikk sett ugla kort, men sjølvsagt så bestemte eg meg for å la den sitte i ro og ikkje forstyrre den, men heller gå tilbake til bilen for å hente kameraet. Det gikk som det måtte gå! Eg kom tilbake, men der var det inga ugle. Det var sporlaust borte. Og etter å ha leita i ca. fire og ein halv time måtte eg berre konstatere at ugla som i følge lokalbefolkninga hadde hold til på staden i 3 veker no truleg hadde forflytta seg vidare. Sjangsen for at det skulle skje virka der og då veldig liten, men det er ville skapningar ein har med å gjere så sånt kan (desverre) skje... Men, men heilt mislykka vart no turen ikkje, eg fikk no tross alt eit kort glimt av ein mildt sagt majestetisk fugl!

Her er ein link til eit bilde som karane som var der dagen før fikk tatt av den. Då var den svært så samarbeidsvillg og satt så og seie heile dagen ikkje meir enn ei 10-15 merter i frå bilvegen!
http://nofmr.no/fotogalleri/uvanlige-fugler-i-mr/lappugle-1649

Sandsøya og Voksa
Då litt tilbake til Sandsøya og Voksa. I føregårs (30.mars) vart måsane på Sandshaman sjekka til kvelden. Det var då ikkje mindre enn 8+ grønlandsmåsar på plass, derav 2 2K, 1 3K, 1+ 4K, 2 4-5K, 2 5K+. I dag vart det sett
3 grønlands, 1 2K, 1 3K, 1 4-5K. Av desse grønlandsmåsane så var 3K`en frå i dag den samme grønlandsmåsen som har vore frå og til på haman sidan eg såg den første gongen den 9.januar. Dermed har den no vore i området i snart 3 månadar. Under kan du sjå eit bilde av måsen!

Grønlandsmåse 3K.
Her er den tatt bilde av på Sandshamna den 10.januar!

Av andre "rariterar" på øyane vart i dag øyane sin 5.gulspurv sett og høyrd på Skarshaugen på Sandsøya.


Ringmerka tjeldar
Den siste tida har eg satsa hardt på å få lest av ein ringmerka tjeld som held til på sørsida av Sandsøya. Og i dag då lukkast det endeleg å få sett alle bokstavane og tala. På metallringen stod det FP82910. Det stod vidare att ringen var engelsk. Denne tjelden er på plass for minst det andre året på rad. I dag kom eg også over ein ringemerka tjeld på Voksevegen. Denne var litt meir samarbeidsvillig, og etter å ha brukt ca. tre kvarter på å ta bilder av tjelden så hadde eg alt av tal og bokstavar på den også. På ringen til "Voksevegfuglen" så stod det FA65235, og som den den på Sandsøya var denne også ringmerka i England. No skal det bli spennande å få vite litt meir om desse fuglane etter kvart, men desverre trur eg det kan ta si tid før eg får svar på desse. Det viktigaste er no i hvertfall gjort... Nemleg å få lest av ringane!

Her kan du sjå eit bilde av tjelden på Voksevegen.

Tjeld, Voksevegen
Metallring nr. FA65235

Engelskmerka sangsvane på plass...
Ellers så kan eg no nemne at den engelskmerka sangsvana som held til ilag med ein sangsvane til fortsatt befinn eg på Sandsøya.

Her er eit bilde som eg tok av svana den 28.mars.
Sangsvane 6K+, Voren/Sandsøya

torsdag 29. mars 2012

Runde...

No nærmar det seg snart årets første tur på Runde. På dei første turane er føremålet å lese av flest mogleg fargemerka lundar. Totalt i fjor vart 95 av dei 177 fargemerka lundane avlest i løpet av april og starten på mai. Så før ein berre håpe at lundefuglane er minst like samarbeidsvillige i år som dei var i fjor! Ja, det er allereie rapportert om bra med med fugl som er oppe og sverma, samt set seg inn i fjellsida. Lundane har no allerie vore på plass ved fuglefjellet i mange veker, og når det er under ein månad til dei skal legge egg så er det ikkje akkurat rart at aktiviteten tek seg opp.... Så får vi berre håpe og samtidig krysse fingrane for at i år kjem maten til rett tid og på rett stad slik at det blir ei vellykka hekking. For i løpet av dei 4 siste åra har det desverre vore 3 nullår, og fortsett dette vil talet på lundar gå nedover. Heldigvis så blir lundefuglane svært gamle (eldste registrete lunde vart funnen etter å ha blitt tatt av ein predator i ein alder av 40 år og 10 månadar) og nokre få dårlege produksjonsår har derfor ikkje nødveidigvis så alt for mykje og seie! Det er nemleg mykje viktigare for dei voksne lundane å ta vare på seg sjølv. Dei bryt heller av hekkinga enn å sette liv og helse i fare for å prøve å fostre opp ungen sin. For dei blir så gamle at dei helle kan prøve igjen neste år...

Her er nokre bilder frå fjorårets turar.

Ein av dei 177 fargemerka lundane på Runde.
Her representert ved lunde D4.

Det går ofte hardt føre seg i fjellsidene når desse hissige skapningane
barkar i hop. Då kjem dei rullande ned sida med eit godt tak i kvarandre!

Ein ting er sikkert, lundane er nokre fantastiske fuglar....

tirsdag 27. mars 2012

Engelskmerka sangsvane på Sandsøya 26.03.12

For nokre dagar sidan vart eg gjort oppmerksom på at det hadde vorte sett ei sangsvane med ring(ar) på Sandsøya. Dette var riktig nok ei god stund sidan... Det var nemleg i månadskiftet januar-februar at den merka svana hadde blitt sett. Eg såg også denne sangsvana, men eg fikk aldri sett føttene på den skikkeleg. Den gikk då og beita på markane på sørsida av Sandsøya ilag med ei sangsvane til.

Så kom eg til å tenke på dei 2 sangsvanene som har gått og beita på markane inne i Voren på Sandsøya i mange veker. Kanskje var det dei samme svanene...? Dagen etter var svanene fortsatt på plass, men på for langt hold til å sjå om ei av dei hadde ring. Så i går gikk dei på Storeviksanden like ved der dei har beita i nesten eit par månadar. På sanden var det ikkje vanskeleg å sjå føttene på dei. Og joda den eine hadde både metallring og fargering! Etter at den var avlest fann eg ut at det var ein fugl som var merka i England. Dermed sendte eg over avlesninga av svana, og i dag fikk eg svar. Informasjonen eg fikk om sangsvana kan du lese under!

Sangsvane 6K+, Storeviksanden på Sandsøya
Sangsvana med fargeringkode K3H vart merka som ein adult fugl (2K+) den 30.november i 2008 på lokaliteten Lower Derwent valley i North Yorkshire i England. Etter dette vart den sett fram til og med den 26.mars i 2009. Seinare har svana ikkje blitt gjenfunna før no på Sandsøya. I følge dei som driv med dette prosjektet er dette eit svært spennande funn, då det tidlegare ikkje er mange sangsvaner frå dette prosjektet som har blitt sett i Norge.

Den vart i perioden 30.november 2008 til den 26.mars 2009 sett på følgande datoar.
  • 30.november 2008 (Ringmerkingsdato)
  • 3.januar 2009
  • 6.januar 2009
  • 8.januar 2009
  • 19.februar 2009
  • 26.februar 2009
  • 7.mars 2009
  • 16.mars 2009
  • 26.mars 2009
Alle desse avlesningane blei gjort på den samme lokaliteten (Lower Derwent valley i North Yorkshire).

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Lower Derwent valley og "opp" til Sandsøya
er på 1008 km.

Og heilt til slutt er her ein link til ei nettside du kan lese meir om dette prosjeket.
http://monitoring.wwt.org.uk/species/colourmarking/whooper_colourmarking.php