fredag 24. juni 2011

Fuglenytt 19-23.06.11

Den siste veka har det vore i ett med innsamling av havørnungar som skal førast over til skottland. Dermed har eg ikkje hatt anledning til å få med meg resten av fuglelivet rundt omkring...

Her er nokre bilder av havørnungar frå dei siste dagane!


Nattsongarar Gurskøya, Bergsøya og Remøya
Natta til søndag den 19.juni tok eg og Alv Ottar Folkestad oss ei runde rundt på Gurskøya, Bergsøya og Remøya for å lytte etter nattsongarar. På Bergsøya satt der no 2 grashopesongarar ikkje longt frå kvarandre og song. Ved Myklebustvatnet ved Fosnavågen satt der fortsatt ein grashoppesongar å song, samt minimum ei myrrikse! So bar turen vidare til Gurskøya, og nærmare bestemt Sædalen. Det brukar å vere ein svært bra plass for vaktel. Men denne gongen vart det "berre" høyrd ein syngande hann. So kom vi ned i Gjerdsviksa. Der fann vi årets 2. ELVESONGAR i MR/Sande kommue i år. Den vart sist sett og høyrd på mandag den 20.juni!

Ny grashoppesongar(ar)
På Sandsøya har det no dukka opp ein grashoppesongar til. Men eg har desverre ikkje fått tid til å sjå noko særleg nøye på den enda. Då tida desverre ikkje strekker til, når ein held på med havørnprosjektet.... I tillegg til den nye på Sandsøya var det også ein mulig ny songar på Voksa. Men denne er eg ikkje sikker på då den mest truleg berre har trekt vidare?! Dermed er totalen no oppe i minumum 26 hannar og 5 hoer.  Men hofuglar er det sjølvsagt mange, mange fleire av!

Andre observasjonar frå 22. og 23.juni!
elvesongar 1 M fortsatt (Sandsøya)
grashoppesongar 9 MM sy (maks 8 pr. natt) (Sandsøya/Voksa
åkerrikse 1 M sy. (Sandsøya) Riksa på Voksa har blitt still etter slått!:(
myrsongar 1 M sy. (Skarshaugen) Den på Leina er truleg vekk!

Her er eit par bilder av elvesongaren på Sandsøya!
Elvesongar M, Støyle/Sandsøya
Elvesongar M, Støyle/Sandsøya

Fargemerka sildemåse ua. intermedius
På ein av havørrnturane vi gjorde laurdag den 18.juni fann vi ein fargemerka sildemåse. Den fann vi rett utanfor Rjånest i Ørsta kommune! Måsen kjem i frå det same ring- og fargemerkingsprosjektet frå England som eg har hatt fleire gjenfunn av frå før! Eg har ikkje fått komtakta dei i Essex (England) endå, men skal gjere det so kjapt som mulig!

Her er eit bilde som viser måsen!
Sildemåse ua. intermedius 5K+, Rjåneset
Merka med GL3T

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar