søndag 26. juni 2011

Nye grashoppesongarar x4 m.m. Sandsøya/Voksa 24-26.06.11

Eg har dei siste dagane brukt ein del tid på å få oversikt, samt å dokumentere nye grashoppesongarar. I går (25.juni) fikk eg og Kjell Mork Soot ring- og fargemerka nokre grashoppesongarar. Eg har også funne 3 nye songarar dei siste par dagane! Alle desse nye vart funne på Voksa. Dermed er totalen no oppe i 29 forskjellige hannfuglar, og minimum 5 hoer.


Her er bilder av 2 av songarane. Eg har nemleg ikkje greid å dokumentere den tredje.
Denne grashoppesongarhannen fann eg i går (25.juni). Seinare på dangen
vart den ring- og fargemerka. Den fikk fargering med kombinasjonen XCE
Sjå lenger ned i innlegget for bildet av fuglen i hand.
Denne grashoppesongaren satt og song for første gong i går (25.juni)


Fargemerking av grashoppesongarar
I går fikk eg og Kjell Mork Soot ring- og fargemerka 4 grashoppesongarar. Dermed har 20 av årets 29 grashoppesongarhannar fått fargering.
Grashoppesongar M, Voksa (same songar som på det øverste bildet over)
Den vart oppdaga 25.juni. Denne fikk fargering XCE.
Grashoppesongar M, Voren/Sandsøya. Den har vore på plass sidan 1.juni.
Den fikk fargering XCH.
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya.
Denne har vore på plass sidan 5.juni. Den fikk fargring. XCJ.
Grashoppesongar M, Vest for Kongsvollen/Sandsøya.
Denne har vore på plass sidan 15.juni. Den fikk fargering XCK.

Oversiktskart
Her er nokre oppdaterte oversiktskart som viser alle grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa.

Våge

Leina og Evja (Sandsøya)


Støyle og Voren (Sandsøya)

Voksa


Andre nattsongarar 24-26.juni
myrsongar 2 MM sy. forts. (Skare og Leina på Sandsøya)
elvesongar 1 M sy. forts. (Støyle/Sandsøya)
åkerrikse 1 M sy. (Bringsvoren/Sandsøya)
vaktel 3 MM sy. (Voksa)

Her er også eit bilde frå i dag av elvesongaren.
Elvesongar M, Støyle/Sandsøya.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar