So her er observasjonane som eg gjorde mellom 9. og 12. juni litt på etterskudd.
Myrsongar
Natt til 12.juni satt årets 1. myrsongar å song på Skare på Sandsøya. Dette er det første funnet på øyane sidan 2009.
Under kan du høyre eit lydopptak av myrsongaren.
Myrsongar. (Med ein sivsongar i bakgrunnen)
Fikk også nokre "brukbare" bilder av den.
Myrsongar M, Skare/Sandsøya |
Myrsongar M, Skare/Sandsøya |
Myrsongar M, Skare/Sandsøya |
Grashoppesongar...
Natt til 12.juni trudde eg at eg hadde årets 26.grashoppesongarhann. Men det viste seg å vere ein "gammal kjenning" som hadde flytta seg 450 meter sidan sist. Dette er faktisk den lengste forflyttninga eg kan seie med 100% sikkerhei. Då denne har både farge- og metallring. Grashoppesongar M, Voksa (merka med XCC) Denne vart oppdaga 23.mai. Den vart farge- og ringmerka 26.mai. |
Her kan du sjå eit oversiktskart over grashoppesongaran på Voksa. Det viser også korleis XCC har forflytta seg.
Andre observasjonar...
Av andre observasjonar kan det nemnast att begge åkerriksene sete og synge. Då henholdsvis på sør-sida av Sandsøya og på Voksa! Ein fugl til som har vore stasjonær er gulerlehannen som vart oppdaga 28.mai. Den held seg i same området på Voksa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar