mandag 6. juni 2011

Lerkefalk og ny grashoppesongar m.m. 04-05.06.11

Dei sisite par dagane har eg og Alv Ottar Folkestad jobba i ett med feltarbeid. Først på sjøfugl på Runde og so på havørn dagen etter.

På Runde so gikk vi og såg i gjennom dei 100 lundeholene (reira) vi følger med på. I dei reira var det 14 ungar som var klekt eller i ferd med å klekke. Dei eldste ungane som var nokre få dagar gamle var feite og fine, og i god kondisjon. Ellers so låg fortsatt storedelen fortsatt å ruga. Men alt i alt so ser det so longt veldig positivt ut.

Men det var ikkje slutt der. For når vi kom opp på toppen av Lundeura og var på vei ned igjen til bilen, kom det plutseleg eit skikkeleg vræl. Og vrælet stamma faktisk frå ein lerkefalk som angreip ein vandrefalk. I MR er lerkefalken ei stor sjeldenheit. Skal du sjå den i Norge må du i hovudsak mykje lenger sør og aust.


Ny grashoppesongar
Men inn i mellom all feltarbeidinga so rakk eg ei kort lytterunde på øyane heime før eg måtte farte avgårde igjen! Det resulterte i årets 24. grashoppesongarhann og årets 29. totalt!! Den satt å song på Leina på Sandsøya. Då vart det berre å få 3 timars søvn for so å kome seg ut akkurat når sola gikk opp for å få fotodokumentert songaren.

Her er eit par bilder av den nye songaren!
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya

Her er eit oppdatert kart som viser dei no 2 songarane på Leina på Sandsøya!



Ny åkerrikse m.m.
Men det var ikkje berre grashoppesongarar som var å høyre denne natta. (5.juni). Det satt nemleg ei åkerrikse å song på Voksa. Denne var då ny for året! I tillegg til åkerriksa satt der minimum 2 vaktelar å song på Voksa. På grashoppesongarfronten so satt det 4 songarar til å song utanom den nye på Leina.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar