søndag 22. januar 2012

"Kumlieni" X2, Sandsøya 22.01.12

Det har blitt litt mykje måsestoff på bloggen i det siste. Men når det ikkje er så mykje andre fuglar "å ta" av er det veldig greit å ha måsar å studere. For min eigen del synst eg at måsar er noko av det mest interessante innanfor fugleverda.... Så når ein i tillegg har ein slik "invasjon" av grønlandsmåsar så må ein berre nytte moglegheita å få sett flest mogleg av arten. For det er ingen betre måtar å lære ein art å kjenne enn å oppleve den "live" i naturen. Så dermed blir det litt måsestoff i dag også.

I dag
I dag vart dei få måsane som var på Sandshamna og i Voren på Sandsøya sett i gjennom. Det resulterte i
2 nye ind. av den kanadiske grønlandsmåse-underarten kumlieni! Men desverre så er måsane fortsatt i den lyse og lite markerte enden av skalaen når det er snakk om vingeteikningar. Av andre kvitmåsar vart det sett
4 grønlandsmåsar av den grønlandske underarten glaucoides, samt at den mulige kumlienien (5K) som har vore stasjonær på Sandshamna fortsatt var på plass.

Her er nokre dokumentasajonsbilder av dagens mest eksklusive kvitmåsar.

Ind. 1
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(+) (3.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(+) (3.vinter), Sandshamna


Ind. 2
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Voren/Voksevegen
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Voren/Voksevegen
Denne måsen er veldig lik kumlienien som eg såg på
Sandshamna den 11.januar.


Tidlegare "kumlieniar"....
Her er bilder av dei andre grønlandsmåsane ua. kumlieni som har blitt sett på Sandsøya så langt i år! Alle desse er av dei mindre markert teikna fuglane.
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter) Sandshamna 11.januar
Grønlandsmåse ua. kumlieni(?) 5K (4.vinter) Sandshamna 14-22.januar
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(+) (3.vinter) Sandshamna 21.januar

Så det eg ønskar meg no er ein kumlieni av den mørkare og meir markerte vingeteikna sorten.
Her er ein link til nettopp eit slikt ind.: http://cyberbirding.uib.no/gull/icg/ad_05.php

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar