tirsdag 31. januar 2012

Dvergmåse, Sandshamna 31.01.12

I dag gav endeleg måseskodinga resultat også i form av noko anna enn grønlandsmåsar... For på Sandshamna vart nemleg øyane sin første dvergmåse sett! Dermed var min 211. art for Sandsøya og Voksa i boks. Dette var faktisk også første gongen eg fikk gjere meg bekjent med denne arten. Denne arten er ein sjelden fugl i MR, med berre nokre få funn kvart år. Den hekkar nokre få spredte plassar i Norge, og flesteparten av dvergmåsane trekk til overvintringskvartera i V-Europa og ved middelhavet. Men nokre veldig, veldig få overvintrar.

Her er nokre bilder av dagens minstemann.
Dvergmåse 2K (1.vinter) t.v. med krykkje 2K t.h., Sandshamna
Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

 Engelskmerka gråmåse
I går vart ein engelskmerka gråmåse sett på Sandshamna. Denne fuglen stamma frå måseprosjektet til FERA (UK Food and Environment Research Agency). Dette er då den andre måsen eg har hatt frå dette prosjektet. Eg hadde nemleg ein fargemerka gråmåse frå dette prosjektet den 5.desember i 2011, også den måsen vart sett på Sandshamna. Eg har sendt mail til dei som ledar prosjektet og får forhåpentlegvis snart heile livshistoria til måsen!

Her er ein link til den forrige måsen eg hadde frå dette prosjektet: http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2011/12/engelskmerka-gramase.html

Og ikkje minst eit bilde av gårsdagens fugl.
Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna
Merka med fargering 1660.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar