I går var ikkje den nye 3K grønlandsmåsen på fotohold, men i dag var den så definitivt det! Her kan du sjå nokre av bilda som eg tok av den, samt eit lite videoklipp.
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya |
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya |
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya |
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya |
Her er videoklippet...
Tundragås ua. flavirostris
I dag rakk eg også å sjekke gjessene på Voksa før det blei mørkt. Det resulterte i mitt første funn av den grønlandske underarten av tundragås, nemleg flavirostris. Denne er i motsetning til den austlege albifrons større og kraftigare. Fjørdrakta er også noko mørkare enn hos albifrons. Nebbet er vidare i gjennomsnitt noko lenger, samt at det i motsetning til albifrons som har rosa nebb er oransje hos flavirostris.
Her er eit dokumentasjonsbilde.
Tundragås ua. flavirostris (innringa), Voksa I lag med grågjess og tundragås ua. albifrons. |
I tillegg til den grønlandske tundragåsa vart det sett 70-80 grågjess, 4 sædgjess ua. rossicus og 14+ av den austlege tundragåsa ua. albifrons.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar