I går gikk eg over markane på Voksa. Der var fortsatt ein del gjess på plass... Men utanom dei var det svært lite å sjå. Det som var verdt å legge merke til kan du lese under.
sædgås ua. rossicus 3 (Voksa)
tundragås ua. albifrons 7 (Voksa)
sanglerke 5+ (Voksa)
heipiplerke 2-3+ (Voksa)
tundralo 1+ høyrd (Storevika/Sandsøya)
Sandshamna..
I går var det ikkje noko å melde på måsefronten. Det vil seie at alle dei 3 grønlandsmåsane som var på plass den 4.januar var borte vekk. Men i dag var det 3 grønlandsmåsar på plass atter ein gong... Og alle desse var faktisk nye ind.! Dermed har det på 3 dagar vore ikkje mindre enn 6 forskjellige "grønlands" innom på Sandshamna. Fordelt på 1 2K, 2 3K, 1 4K(+) og 2 ad.
Her er nokre dokumentesjonsbilder av dagens måsar.
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya |
Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya. Denne fuglen er i motsetning til måsen over fullt utfarga! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar