tirsdag 17. april 2012

Runde 16.04.12

I går vart årets andre feltarbeidsdag unnagjort på Runde. Akkurat veka etter årets første tur. Målet var å få tatt bilde av, og dermed lest av flest mogleg av dei 177 fargemerka lundane som er merka på Runde. Den 9.april leste eg av 60 forskjellige ind., mendan det i går gikk noko tråare med 44 avleste fuglar. 14 av dei 44 var nye for året, noko som vil seie at det no er oppe i 74 avleste lundar hittil i år. Eg kan no også nemne at ein av dei 14 nye for året var ei første-avlesing etter merking. Så alt i alt så må eg no seie meg fornøgd!

Her er nokre bilder, samt ein liten videosnutt av sværmande lundar.
Ein liten brøkdel av lundane som låg på sjøen i går.
Mange av desse kom opp og sværma, for så å sette seg i fjellsida.
Det er berre å starte å telle!;)

Lunde, Runde
 
Lunde, Runde
 
Lunde, Runde

Lunde, Runde

 
Her er ein liten videosnutt (mobil) av sværmande lundar frå i går. I går var det til tider store mengder med svermande lundar. I denne "snutten" er det riktignok ikkje det heilt store antallet, men fortsatt er det rett og slett magsik å oppleve dette fenomenet.



Ørn...
Heilt til slutt legg eg også inn eit bilde av ei av dei til tider meget nærgåande havørnene frå lundeura i går. Dei var nemleg ikkje særleg samarbeidsvillige. For så og seie kvar gong lundane sværma, og satte seg inn i sida kom det ørner seglande forbi. Dermed var det på vingene igjen for lundane... Og endå meir venting for min del!

Havørn 3K, Runde

4 kommentarer:

  1. Du tek nokre vanvittig bra bilde!!!!!

    SvarSlett
  2. Enig!
    Veldig fine bilder!

    Jeg skal til Ålesund i helga og vurderer å dra til Runde for å ta noen bilder av fugler. Jeg har ingen bil, og derfor må jeg ta båt/buss for å komme med dit. Jeg finner ikke brukelige informasjoner om dette, kanskje du vet mer om transportmidler dit?
    Hvilke andre typer fugl er det på Runde? Er det mulig å fotografere dem midt på dagen? Jeg kan ikke være der fram til solnedgang siden jeg må komme tilbake til Ålesund.. eller ville du anbefale å overnatte der?

    På forhånd takk!
    Mvh,
    Richard

    SvarSlett
  3. Hei! Eg såg desverre ikkje kommentaren du la inn før no. På Runde finn du mange typer av fugl. Storjo, krykkje, toppskarv, havsule for å nemne nokre. Når det gjeld foto av særleg lunde er det ein fordel å vere der om kvelden, då desse skapningane som vanleg ikkje kjem inn og set (om dei i det heile tatt kjem inn) seg i sida før eit stykke ut på kvelden. Det var litt kjedeleg at eg ikkje såg kommentaren før no... Vart det tur på Runde?

    Mvh Ingar

    SvarSlett