tirsdag 24. april 2012

GRASHOPPESONGAR, Sandsøya 19-20.04.12

Den 19. og 20.april vart det høyrd ein syngande grashoppesongarhann i Våge på Sandsøya av Herbjørg Våge som bur på staden. Dette funnet utgjer det soleklart tidlegaste funnet av grashoppesongar i Møre og Romsdal gjennom tidene! Det tidlegaste funnet frå før var frå i fjor. Då var den første på plass den 23.april. Årets funn er også eit av dei tidlegaste funna i Norge gjennom tidene. Det tidlegaste funnet som eg veit om er frå Utsira den 18.april i 2003 og 2009.

Songaren som vart høyrd i Våge var ikkje å høyre i natt, så truleg har den trekt vidare. Dermed er det berre å ha øyrene med seg, kanskje kjem du over ein syngande grashoppesongar..... Skulle du befinne deg på ytre søre sunnmøre, og samtidig kome over ein syngande grashoppesongar hadde det blitt satt stor pris på å få vite om songaren slik at det kunne vere mogleg å få sjekka opp fuglen for å sjå om den er ring-/fargemerka og visst ikkje få sett på den ringar. Ta gjerne kontakt på mail: ingarstoyle@hotmail.com eller ta kontakt på mobil: 99382242.
All informasjon blir mottatt med stor takk!:)

Her er eit lydklipp av ein av dei mange syngande grashoppesongarane frå i fjor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar