Havsula har ei lang reirtid. Ungane forlet ikkje reiret før det har gått ca. 3 månadar (etter klekking). Når dei då forlet reiret er dei for tunge til å flyge. Dermed så sym dei til havs. Etter å ha svømt på havet i eit par veker og dermed fått ned vekta nok til å kunne ta vingene fatt skal dei starte å fiske for eiga maskin. I og med at desse skapningane er tilpassa å svelte seg ned i vekt i den første perioden som sjølvstendig så er dei ofte svært vanskelege å få mat i. Denne var heldigvis av det greiare slaget og har blitt meget grei og mate. Dermed er det berre å ta tida til hjelp for å få vekt og kondisjon opp eit nokre hakk til.
Under kan du sjå nokre bilder av fuglen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar