Polarmåse 1K (1.vinter), Sandshamna 16.oktober 2012 |
Denne 1K polarmåsen med fargeringkode DU1 vart ring- og fargemerka som reirunge (pullus) den 28.juni i Hamnevika på sørvestsida av Bjørnøya, Svalbard. Dette er ein av dei veldig få polarmåsane som er merka i Svalbardområdet som er funne på det norske fastlandet. Dette var sjølvsagt det første gjenfunnet av måsen etter at den blei merka.
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstande mellom der måsen vart merka på Bjørnøya og Sandshamna, Sandsøya er på ca. 1451 km. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar