fredag 19. oktober 2012

KASPIMÅSE, polarmåsar og grønlandsmåse m.m. på Sandshamna 16. og 19.10.12

I dag fikk eg endeleg betalt for den harde måseskodinga i det siste... For Sandshamna på Sandsøya viste seg nemleg frå si aller beste side. Det heile starta med ein 1K russiskmerka gråmåse, så ein 2K norskmerka gråmåse, før den virkelige gobiten satt der... Nemleg MR og Sandsøya sin tredje KASPIMÅSE!! Dei to tidligare funna frå MR vart gjort i løpet av ei veke i månadsskiftet januar/februar i 2010. Fuglane frå 2010 var to 2K(1.vinter) fuglar, medan dagens fugl var av den litt eldre sorten. Det vil då seie ein 3K(3.vinter) fugl.
Kaspimåsen er ein stor raritet i Norge med ein stad mellom 30-40 funn totalt. Så at Sandsøya i løpet av nokre få år skulle kunne vise til 3 kaspimåsar og 2 gulbeinmåsar er over all forventing.

Dagens fugl var av det heilt klassiske eksemplaret. Alt på fuglen skrik kaspimåse. Perfekt hovud, nebb og kroppsform. Mørk iris, bleikt gule bein og ikkje minst perfekt teikna handsvingfjører for å nemne nokre av karakterane. Når fuglen i tillegg var på meget bra fotohold så må ein vel berre vere fornøgd.

Her er eit par bilder av den mildt sagt herlige måsen.
Kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Her ser du tydelig det viktige svarte båndet på P5, samt dei lange
grå tungene som strekk seg langt utover i det svarte


 
Kvitmåsar...
Etter at kaspimåsen var i boks vart det sett to kvitmåsar på hamna. Då i form av ein 1K grønlandsmåse. Og ei stund etter satt der ein 2K polarmåse på den same staden.

Her er eit par bilder av dagens to kvitmåsar...
Grønlandsmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya
 
Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya


Fargemerka måsar
For tre dagar sidan vart det sett ein 1K polarmåse på hamna. Eg var egentleg fornøgd med det. Men etter å ha sett litt nærmare på fuglen viste det seg at det var eit ring- og fargemerka individ. Noko som gjorde funnet enda betre. Eg har ikkje fått all informasjon om fuglen enda, men mest sansyneleg er den merka på Bjørnøya ved Svalbard. Det er frå før svært få funn av individmerka polarmåsar som er sett på det norske fastlandet, og sjølvsagt var dette den første fargemerka fuglen som er blitt sett i MR.

Her er eit bilder av den spennande fuglen som har fått påsett ein grøn fargering med kode DU1.
Polarmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 16.oktober


Norskmerka gråmåsar...
I dag vart det sett 3 fargemerka gråmåsar som eg ikkje hadde merka. Ein frå Russland og to frå Norge. Her er meir om desse måsane.

J3104
Gråmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Gråmåsen med fargeringkode J3104 vart merka som ein 2K-fugl den 17.januar i år i Breiavatnet i Stavanger, Rogaland. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.


Her kan du sjå eit oversiktskart
der ringmerkingsstad og funnstad er avmerka.
Avstanden mellom Breiavatnet og Sandshamna er på 365 km.

___________________________________________________________________________________________

JN308
Gråmåse 8K+ (8.vinter, eller eldre), Sandshamna/Sandsøya
Gråmåsen med fargeringkode JN308 vart merka som ein 4K+ fugl på Hornøya i Vardø, Finnmark den 29.mai i 2008. Det vil då seie at måsen i dag er minst 7 år gammal. Dette var det første gjenfunnet av denne måsen etter at den blei merka.

 Her kan du sjå eit oversiktskart
der ringmerkingsstad og funnstad er avmerka.
Avstanden mellom Hørnøya og Sandshamna er på
1443 km.

Russiskmerka gråmåse
Som nemnt over var det i dag sett ein 1K gråmåse med russisk fargering på hamna. Eg reknar med at denne måsen stammar frå det samme prosjektet som eg hadde ein fugl frå i slutten av februar i fjor. Eg vil no sende over informasjonen om måsen til russerane, og då forhåpentlegvis få ei kjapt svar med livshistoria til fuglen.

Her er eit bilde av dagens russiske fugl.
Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Med fargerinkode KW99

Her er ein link til fuglen frå 2011: http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2011/03/russiskmerka-gramase.html

Eg vil kome tilbake med meir om denne, samt den fargemerka polarmåsen når eg får vite meir om fuglane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar