tirsdag 30. oktober 2012

Polarmåse, Sandshamna 30.10.12


I dag vart det ein meget kort tur for å sjå om det var komt inn litt måsar på hamna. I det siste har det ikkje vore nokon særleg aktivitet på fiskemottaket, då også kombinert med fint veir. Dermed har det vore så og seie heilt tomt for måsar. I dag var det derimot komt inn litt fleire. Ein av desse var polarmåsen som blei sett den 19.oktober, det også då på hamna. I dag fikk eg gode fluktbilder av fuglen. Då viste det seg at måsen har vingeteikningar som peikar mot at den har gråmåsegener i seg. Utanom handsvingfjørene så er jizz og tekningar ellers perfekt for ein 2.vinter polarmåse. Men ein heilt "rein" polarmåse kan nok ikkje ha slike vingeteikningar...

Her er nokre bilder av måsen.
Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Her kan ein tydeleg sjå pigmenta på særleg P9 og P8. Men teikningane
er også synlege på P7 t.o.m P5. Medan P10 som er i vekst
virkar å være normalt farga for ein "rein" polarmåse.

Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Frå denne vinkelen så ser ein tydeleg dei mørke pigmenta og antydning til
vingeteikningar på dei ytterste hsf. På dette bildet ser ein tydelige teikningar
på P9 t.o.m P6.


Svar på russiskmerka gråmåse
I dag fikk eg også svar på den russiskmerka gråmåsen som eg hadde på hamna den 19.oktober. Under kan du lese det eg fikk vite om fuglen.

Gråmåse 1K (1.vinter) Sandshamna/Sandsøya 19.oktober 2012

Gråmåsen med fargeringkode KW99 vart ring- og fargemerka som reirunge (pullus) den 14.juni i år. Den blei merka i Kandalakshskiy naturreservat ved Kvitesjøen, Russland.
 
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Sandshamna og der måsen vart merka
ved Kvitesjøen er på ca. 1383 km.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar