tirsdag 1. mai 2012

SVARTGLENTE, Runde 30.04.12

I går den 30.mars tok eg turen til Runde for nok ein feltarbeidsdag med tanke på avlesing av fargemerka lundar. Lundane var desverre ikkje så samarbeidsvillige, noko som resulterte i berre 10 avleste fuglar, ingen av desse var nye for året. Men heldigvis var det andre ting å sjå...

Ein skikkeleg gobit...
Det store denne dagen vart ein rovfugl som det ikkje har blitt sett mange av før i fylket. For i det eg stod på parkeringsplassen i Goksøyra så flaug mange av gråmåsane i måsekolonien oppe i fjellsida ut, og samtidig varsla. Eg var då sikker på at no kom det ei havørn seglande om ikkje lenge. Men der tok eg feil! Fuglen som kom flygande var så definitivt inga havørn, men MR si femte SVARTGLENTE, og ein ny art for Runde. Svartglenta vart sett i det den følgde fjellsida mot aust for så å forsvinne inn i skodda. Denne arten har som nemnt blitt sett 5 gongar totalt i fylket. Den første vart sett av Alv Ottar Folkestad på 1990-talet. Etter det såg eg nummet to på Sandsøya i mai i 2008. Det vart også sett ei til i fylket seinare samme året. Vidare så vart det sett ei av Eirik Grønningsæter ved Hostadvatnet i Fræna kommune den 22.april i 2011. Og med dagens fugl blir det då totalt 5 funn....

Her er eit bilde av dagens fugl.
Svartglente, Runde 30.april.

 Fuglenytt 26-29.april
Her er noko av det som vart sett desse dagane.

26.april:
dvergdykkar 2 (Voksevegen)
vandrefalk 1 2K (Våge/Sandsøya)
løvsongar 3 MM sy (Sandsøya/Voksa) fylkets første i 2012!
polarmåse 1 2K forts. (Sandshamna/Sandsøya)
grønlandsmåse 3 (2 3K + 1 4-5K) (Sandshamna/Sandsøya)
låvesvale 11-12 (Voksevegen)

27.april:
grønlandsmåse 1 2-3K ptv (Ved Larsnes)
polarmåse 1 2K (Leikanger på Stadlandet)

29.april:
heilo 17 (Voksa)
grønlandsmåse 2 3K forts. (Sandshamna/Sandsøya)
låvesvale 3 (Voksa)
sanglerke 1 M sy. (Voksa)
lappspurv 1 F (Voksa)
lappspurv 1 M (Våge/Sandsøya)


Her er eit par bilder av dei to 3K grønlandsmåsane som vart dett den 26. og 29.april.
Grønlandsmåse 3K, Sandshamna 26.april.
Grønlandsmåsar 3K, Sandshamna 26.april.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar