torsdag 10. mai 2012

Endelig på plass!!

Etter å ha leita, samt lytta etter grashoppesongarar sidan rundt den 20.april var det deilig å endeleg finne min første for året. Det vart då årets 3.grashoppesongar på Sandsøya. Eg gikk nemleg glipp av songaren som vart høyrd i Våge den 19-20. april, samt den som vart høyrd den 3.mai på Sandshamn. Men begge desse fuglane var gjennomtrekkarar, og dermed ikkje fullt så viktige som dei som blir værande.. Fuglen i dag (9.mai) er definitvt ein som blir værande! Den hadde nemleg ein metallring på venstre for. Etter å ha tatt nokre bilder av songaren så var ringen avlest. På den sto det 9E40523. Denne songaren vart ringmerka ca.400 meter mot nord frå der den vart gjenfunnen i dag den 11.juli i 2010. I 2011 var den tilbake på den samme plassen som i 2010. Dette vil då seie at den er tilbake for det tredje året på rad!! Songaren kom i løpet av natta som var. Den var nemleg ikkje der i går når eg tok "runda".

Her er eit bilde av songaren frå i år. Under der igjen frå 2011 og nederst frå 2010.
Grashoppesongar M 4K+, Våge 9.mai 2012
(Med metallring nr. 9E40523)

2011
I 2011 vart det den oppdaga den 10.mai, medan den i år
 kom natt til 9.mai. Dette kan eg seie med sikkerheit då
eg gikk over lokalitetane i går, då var den ikkje på plass.

 2010
Her under ringmerking den 11.juli i 2010. Den blei ein av
 7 forskjellige grashoppesongarar som blei merka
natta 10-11.juli.


Her er eit oversiktskart der du kan sjå kor den har "satt" seg i år i forhold til i 2010 og 2011.
Avstanden mellom lokalitetane er på ca. 430 meter.



Fuglenytt ellers...
På mandag den 7.mai var eg på Runde for å lese av fargemerka lundar for fjerde gongen så langt denne sesongen. Det vart då lest av 16 fuglar, av desse var 3 nye for året. Dermed er totalen i år no oppe i 77 forskjellige avleste fuglar. På heimveien stoppa eg då på Remøya for å lytte etter grashoppesongarar. Det resulterte i fylkets første buskeskvett for 2012 i det ein hann vart høyrd syngande. Etter dette tok eg meg ein tur til Myklebustvatnet ved Fosnavågen for å høyre om der kunne vere noko spennande. Der vart det høyrd ei vannrikse.

På Sandsøya og Voksa vart det i går (8.mai) sett ein lappspurvhann som mulig er stasjonær på Voksa. Like ved den vart det sett ein hofugl. I dag (9.mai) vart øyane sin 4.fjellvåk sett i Voren på Sandsøya. Og i det eg følgde våken med kikkerten oppdaga eg ein mørk mellomstor rovfugl som trekte mot nordaust. Men desverre var den så høgt oppe, i tillegg til at lysforholda var svært vanskelege og dermed lukkast det ikkje å få dokumentert fuglen. Så der gikk eg kanskje glipp av ein skikkeleg gobit...? Desverre.....


Fjellvåk 3K F, Voren/Sandsøya 9.mai 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar