Svartbak 5K, Sandshamna 21.april. |
Svartbaken med metallringkode ES009405 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 28.juni i 2008. Den vart ringmerka i Kandalakshskiy naturreservat som ligg på Kolahalvøya i Russland. Denne måsen vart merka på den nordlege delen av halvøya som grensar mot Barentshavet. I og med at måsen vart merka i 2008 så vil det då seie at måsen i dag er nesten 4 år gammal, altså i sitt 5.kalenderår (5K). Dette vil då igjen seie at måsen har si første adulte fjørdrakt, med ingen teikn til yngre karakterar. Riktignok så er der litt svart ved gonysflekken i nebbet, noko som kan tyde på at nebbet ikkje er heilt utfarga. Men sjølv fullt voksne fuglar kan ha ei slik nebbteikning. Dette var forresten det første gjenfunnet av måsen etter merking.
Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Sandshamna og der måsen vart merka på Kolahalvøya er på 1627 km. |
Eg kan no også nemne når det først er snakk om måsar at det i går (1.mai) fortsatt var 2 grønlandsmåsar på plass på Sandshamna. 1 3K og 1 4-5K. Desse to fuglane har vore meir eller mindre stasjonære den siste tida.
Grønlandsmåse 3K, Sandshamna |
Grønlandsmåse 3K, Sandshamna |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar