lørdag 5. mai 2012

Kjernebitar og grashoppesongar, Sandsøya 03-04.05.12

I føregårs kveld, altså den 3.mai ca.kl 23.00 vart MR sin 2.grashoppesongar i 2012 høyrd syngande på Sandshamn på Sandsøya. Fuglen vart høyrd av Endre Vorren, i det den satt og song inne i mellom nokre hus i litt gammal vegetasjon frå i fjor. Men dette er langt i frå ein optimal lokalitet for ein grashoppesongar å slå seg ned på, men då heller ein klassisk loklaitet for ein gjennomtrekkande fugl. Så når eg skulle sjekke lokaliteten i går (4.mai) så var der nesten sjølvsagt ingen fugl verken å sjå eller høyre! Det var det heller ikkje på resten av dei utallige sublokalitetane på øyane. Men, men eg skal no ikkje klage eg fikk nemleg sett min art nr.212 for Sandsøya og Voksa i det ein kjernebitar kom flygande forbi meg på Sandshamn i det eg var i ferd med å sjekke ut ein grashoppesongarlokalitet. Så dermed går artstalet for øyane den rette vegen! Dette vart den andre nye arten for øyane så langt i år. Den første var dvergmåsen som vart sett i månadsskiftet januar/februar.

Ellers så var fortsatt den stasjonære 4-5K grønlandsmåsen på plass på Sandshamna, og årets første strandsnipe og sandsvaler vart sett.

Tilbake i år også...?
No nærmar det seg heldigvis "stygt" dei første grashoppesongarane som vil slå seg ned på øyane, og ikkje berre gjere som dei 2 føregåande individa i år, nemleg å trekke vidare.... Då skal det bli spennande å sjå kor mange av dei som kjem tilbake med ringar på føttene. Kjell Mork Soot og eg har i løpet av 2010 og 2011 ring- og fargemerka tilsaman 32 grashoppesongarar, og forhåpentlegvis dukkar fleire av dei opp i år!

Her er eit bilde av ein av songarane som vart ringmerka i 2010. Her avbilda før den fikk påsatt metallring. I 2011 kom den tilbake på same lokaliteten og fikk då satt på fargering med kode XAM.

Grashoppesongar M, Voksa 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar